Brannvernuka og open dag på brannstasjonen

Som vanleg arrangerast brannvernuka i veke 38 og mange barnehagar har brannvern på timeplanen. Laurdag 21. september inviterer dei fleste brannvesen til open dag på brannstasjonen.

Et barn spyler med brannslange på arrangementet åpen brannstasjon

Årets kampanjemateriell er Bjørnis aktivitetshefter og giveaways frå If (buttons, tatovering med «husets brannsjef» og klistremerker med «møteplass»). I tillegg til dette får deltakande brannvesen ei kunnskapsløype med ulike postar.

Andre aktuelle aktivitetar på open brannstasjon er:

  • Spyle på blink med brannslange
  • Sløkkje brann i kar
  • Prøvesitte brannbil

Brannvernuka er ein landsomfattande informasjonskampanje som arrangerast av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og If Skadeforsikring, saman med brannvesen og el-tilsyn over heile landet.

Sjå meir informasjon på brannvernuka.no