Brenning av hageavfall

Våren nærmar seg, og når sola tittar fram er det mange som vil ut og rydde i hagen. Du kan enkelt kvitte deg med hageavfall ved å lage kompost eller levere til gjenvinning. Om du likevel ynskjer å brenne hageavfallet ditt, bør du passe på så ikkje ulempane vert for store for naboane dine og for miljøet.

Brannvesenet tilrår å la vere å brenne hageavfall, og heller bruke kompost eller levere hageavfallet til gjenvinning.

Plagsam røyk

Røyken frå eit bål med hageavfall er ikkje ufarleg, særleg dersom bålet er vått. Røyken vert ofte liggande lavt over bakken og vert lite uttynna. Den kan virke irriterande på slimhinner i auga og luftvegar, og representerer eit helse- og trivselsmessig problem for dei som eksponerast. Røyken er spesielt til plage for dei som har astma og andre luftvegsproblem.

Det er ikkje lov å brenne søppel i nokon form, heller ikkje trevirke som er behandla med maling, lakk, impregnering eller liknande.

Råd for trygg brenning

Dersom ein ynskjer å brenne bål av trevirke eller planterestar, skal det utførast på ein forsvarleg og aktsam måte for å skåne helse og miljø – og for å unngå brann:

  • Ta hensyn til naboar og miljø.
  • Vis aktsamheit i tørkeperiodar og periodar med sterkt vind. Vurder spreiingsfare og om det er forsvarleg å brenne bål.
  • Sørg for god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale.
  • Bygg bålet av utelukkande reine treprodukt eller små mengder tørt hageavfall.
  • Sørg for at bålet haldast under oppsyn og kontroll.
  • Sørg for at born held god avstand til bålet og kle dei i naturstoff som bomull og ull.
  • Sørg for at bålet sløkkjast forsvarleg med rikelege mengder vatn. Dersom det ikkje finst vatn på staden må dette takast med.
  • All brenning skjer på eige ansvar.

Kompost er eit godt alternativ

Ved brenning av hageavfall går verdfullt materiale tapt. Planteavfall kan heller verte til kompost og kome til nytte som gjødsel og jordforbedringsmiddel. Ein enkel hagekompost er lett å lage: Legg alt avfallet i ein haug. Litt ryddigare vert det dersom du lager ein karm rundt, for å halde haugen på plass.

Enkelt å levere til gjenvinning

Husk også at hageavfall enkelt kan leverast inn på BIRs gjennvinningsstasjonar.