Torsdag 28.mars var over 50 deltakarar frå dei ulike brannvesena i Vest brann- og redningsregion samla ved Bergen hovedbrannstasjon for å rette fokus mot den komande skogbrannsesongen.

På skogbrannseminaret fekk deltakarane presentert kva slags erfaringar ein del av brannvesena i Vest brann- og redningsregion har frå skog- og markbrannar, og korleis dei planlegg å førebu skogbrannsesongen 2019.

Dei frammøtte fekk høyre kva slags ressursar Sivilforsvaret kan bidra med ved skogbrannar. Bergen skog- og træplantningsselskap heldt også eit interessant innlegg om korleis dei forvaltar skogen og kva slags tiltak dei iverksett for å forhindre brann i sine skogar. Vidare vart innsatsstøttekonseptet i Bergen brannvesen presentert av Kjell Thore Olsen, før samlinga vart avslutta med ei diskusjonsøving i plenum.

Samlinga viser at sjølv om det er nokre ulikskapar mellom brannvesena, både når det gjeld organisering og risiko for skog- og terrengbrannar, er utfordringa felles når skogbrann først oppstår – ein treng hjelp frå kvarandre. Både når det gjeld mannskap, leiarstøtte, materiell og utstyr. Samarbeidet i Vest brann- og redningsregion vil lette arbeidet med å hjelpe kvarandre med einskaplege planar, opplæring og leiarstøttesystem.

Brannsjef Leif Linde ynskjer velkomen til skogbrannseminaret 2019. Foto: Siv Kristin Hovland


Over 50 deltakarar frå dei ulike brannvesena i Vest brann- og redningsregion var samla i gymsalen på Bergen hovedbrannstasjon. Foto: Siv Kristin Hovland


Eivind Hovden frå Sivilforsvaret presenterte kva slags ressursar dei kan bidra med ved skog- og markbrannar. Foto: Siv Kristin Hovland

Kjell Thore Olsen demonstrerte innsatsstøttekonseptet i Bergen brannvesen. Foto: Siv Kristin Hovland