Første opplæring i krisehandteringsmodulen i CIM

Den nye krisehandteringsmodulen i CIM er no ferdig og onsdag 20. mars vart den første opplæringa gjennomført på Bergen hovedbrannstasjon.

Lars Gärtner kursar deltakarane i den nye krisehandteringsmodulen. Foto: Dag Ivar Fjeldberg

Til stades på kurset var deltakarar frå Vaksdal, Austevoll, Tysnes, Askøy, Kvinnherad og Bergen brannvesen. Det vart gitt opplæring i krisehandteringsmodulen og gitt informasjon om einheitleg leiingssystem. Opplæringa vart gjennomført av brannkonstabel i Bergen brannvesen, Lars Gärtner, som har ei sentral rolle i utviklinga av Vest brann- og redningsregion CIM.

For dei som ikkje hadde anledning til å delta vil det kome fleire sjansar i nærmaste framtid.