Frå 15. april til 15. september er fara for å forårsake gras- og skogbrannar normalt større enn elles i året. Difor er det i denne perioden ikkje lov å gjere opp bål ute i naturen.

Alle må vise aktsemd og opptre på ein slik måte at det ikkje oppstår brann. Dette gjeld alle, heile tida og over alt.

I Norge må alle vise aktsemd og opptre på ein slik måte at det ikkje oppstår brann. Dette gjeld alle, heile tida og over alt. I tillegg har vi eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. Då er det forbode å tenne opp bål og grille i eller i nærleiken av skog og anna utmark.

Du kan framleis grille eller brenne hageavfall i din eigen hage eller grille på eigna stader i for eksempel enkelte parkområder eller i strandkanten. Det finst også tilrettelagte grill- og bålplassar som kan benyttast heile året.

Det er tillete å gjere opp eld der det åpenbart ikkje kan medføre brann, men all bålbrenning utførast på eige ansvar. Er du i tvil er det betre å stå over bålbrenninga.

Eingangsgrill og bålpanne

Ver svært varsom med bruk av eingangsgrill. Slike er ofte årsak til gras- og skogbrannar. Plasser aldri eingangsgrillar på brennbart underlag. Eingangsgrillar sløkkjast heilt med vatn og leggast i eigen metallbehaldar etter bruk.

Ved bruk av bålpanner gjeld same reglar som ved brenning av hageavfall, kor ein kun skal brenne tørr og rein ved, eller bruke grillkol.