Nettsida vestbrannregion.no skal gje aktuell og nyttig informasjon til både innbyggarane og dei lokale brannvesena i regionen.

Innbyggarane skal finne informasjon om brannvern og få tips om korleis halde seg trygg i kvardagen. Det vil også vere saker av allmenn interesse innan brann- og redningsområdet. Informasjon om lokale brann- og redningstenester vil framleis stå på nettsidene til dei enkelte kommunane.

Brannvesena i regionen skal få informasjon om ulike fagområde, samt praktisk informasjon om korleis ein kan utnytte felles ressursar i brannsamarbeidet. Nettsida skal også gje gode verktøy for lokalt informasjonsarbeid, samt innehalde overordna og oppdatert informasjon om brannsamarbeidet Vest brann- og redningsregion.

Sidene for brannvesenet er reservert brannvesen som er medlemmer i brannsamarbeidet og er difor passordbeskytta.