Det vert i desse dagar utvikla eit eige CIM-verktøy for Vest brann- og redningsregion for å gjere kvardagen enklare når det gjeld handtering av dokumentasjon og hendingar. I løpet av sommaren 2019 skal det nye systemet vere på plass i alle kommunane.

Tysdag 5. februar presenterte brannkonstabel i Bergen brannvesen, Lars Gärtner og ingeniør Dag Ivar Fjeldberg det nye CIM-prosjektet for leiarane av fagutvalga i Vest brann- og redning. Begge har ei sentral rolle i utviklinga av VBR CIM. Målet er at verktøyet skal skape ein felles plattform for erfaringsoverføring, planverk og informasjon.

– CIM-verktøyet er veldig fleksibelt og ein kan utvikle og tilpasse det etter kva dei ulike kommunane ynskjer. Dette verktøyet er viktig både for kompetansedeling, erfaringsoverføring og ikkje minst for auka digitalisering, fortel Fjeldberg.

Generelt om CIM
Det elektroniske verktøyet CIM er eit heilskapleg styringssystem for kvalitet, sikkerheit og beredskap. Systemet består av 40 ulike modular og tek hand om alle funksjonar i handteringa av ei hending. Arbeidet vert loggført og sporbart, slik at ein i etterkant kan jobbe med læring og forbetring. Med CIM kan ein samle planverk, ha tiltakskort og rutiner klare når noko skjer.

Startar opplæring
Allereie den nærmaste tida skal opplæringa av nøkkelpersonar og leiarar starte, slik at systemet kan takast i bruk så fort som mogleg. Det skal òg kartleggjast kva slags behov dei ulike kommunane har, slik at systemet vert utvikla best mogleg med dei rette prioriteringane.

Medan modulane for hending- og dokumenthandtering skal vere klare i vår, er neste etappe å få klar modulane for avvikshandtering og forbetringsforslag. Rapportering om uynskte hendingar skal stå klart 1. september.