I fjor var det 153 komfyrbrannar i Hordaland. Ei komfyrvakt kan redde heimen din frå å gå opp i røyk.

Foto: Komfyrvaktkampanjen/Infratek

Komfyren er heimens største brannkjelde og dei fleste komfyrbrannar kjem av manglande merksemd, ikkje tekniske feil ved produktet. Ved å installere komfyrvakt kan ein hindre at farlege situasjonar oppstår.

Komfyrvaktkampanjen
Onsdag 13. februar vert det arrangert ein nasjonal komfyrvaktkampanje for å auke merksemda kring dei mange komfyrbrannane. Under kampanjen vil over 200 brannvesen, feiarvesen og det lokale eltilsynet ha lokale aktivitetar over heile landet. Målet med kampanjen er at fleire skal installere komfyrvakt.

Slik fungerer komfyrvakta
Komfyrvakta består av ein sensor og ein straumbrytar og er enkel å installere. Sensoren overvakar kokeplatene. Om sensoren oppdagar fare for brann, utløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren melding til ein brytar om å kutte straumen til komfyren.

Krav til komfyrvakt
Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og om det leggjast opp ny kurs til komfyren. Dei same reglane gjeld for fritidsbustadar. Komfyrvakter får du kjøpt hos fleire elektronikkbutikkar, i ei rekkje kjøkkenbutikkar og i nettbutikkar.