Påskekampanje

Snart er det ferie og påskekosen involverer ofte bruk av eld – enten det er stearinlys, bruk av gass, grill eller fyring i peisen. Fram mot påskeferien gjev vi difor innbyggjarane gode råd for korleis dei kan ha ei branntrygg påske – enten dei er heime, på hytta, i båten eller i campingvogna.

På nett og i sosiale medier kan «brannvesenets 5 påsketips» (i faktaboksen til høgre) vere fine å dele. Enten samla i ein post eller delt opp etter tema, gjerne saman med beskrivande bilete.

I tillegg kan desse sakene delast:

Gassvettreglane for trygg bruk av gass

Vedlikehald gassutstyret på hytta

Hugs røykvarslaren på hytta

Trygg kos med levande lys

Brannvesenets 5 påsketips

  • Sørg for at du har fungerande røykvarslar på hytta, i båten eller i campingvogna. Hugs å ta med nye røykvarslerbatteri eller skaff deg reiserøykvarslar.
  • Sjekk slangar og koblingar på propananlegget. Om natta kan du gjerne koble i frå slangen til gassbehaldaren.
  • Ikkje sett aska frå ildstaden rett utanfor hytte- eller husveggen. Kjøl ned aska i ei brannsikker bøtte med lokk og plasser i god avstand frå veggen.
  • Gå aldri frå eit rom med levande lys. Bruk ikkje-brennbare lysestakar og sett lysa i god avstand til brennbart materiale.
  • Skal du grille må du sørgje for god avstand til brennbart materiale. Hugs å slokke grillen heilt før du forlet den.