Jul og nyttår er tida for god mat, levande lys og peiskos. Uforsiktig bruk av komfyr og stearinlys er blant dei vanlegaste brannårsakene i desember.

Sørg for at du har røykvarslarar og sløkkjeutstyr som fungerar!

Komfyren er verst!
Halvparten av alle bustadbrannar startar på komfyren og i desember lagar vi endå meir mat enn vanleg.

-Ver alltid i nærleiken av komfyren når den er i bruk, seier avdelingsleiar for brannførebyggjande avdeling i Bergen brannvesen, Janicke Larsen.

Eit godt julegåvetips til deg sjølv eller andre kan vere ei komfyrvakt.

-Vi anbefalar komfyrvakt til alle, både unge og gamle. Ein komfyrvakt vil automatisk kutte straumen dersom det oppstår ein brannfarleg situasjon på komfyren, fortel Larsen.

Skal du fritere mat, som til dømes smoltringar, er det lurt å ha eit lokk ved sidan av gryta, i tilfelle ein brann skulle oppstå. Ikkje bruk vatn på olje som brenn! Eit anna tips er å reingjere filteret i kjøkkenvifta. Filter som er tette av fett tek raskare fyr og gjer det lettare for flammen å spreie seg.

-Som tilleggsutstyr kan det vere lurt å ha eit brannteppe eller ein sløkkjespray tilgjengeleg på kjøkkenet, legg Larsen til.

Pass på levande lys!
Det er koseleg med levande lys i juletida, men plasser aldri tente lys i nærleiken av brennbart materiale, eller i dekorasjonar med mose, kvistar og andre tørre materiale.

-Ein god regel er å alltid blåse ut lyset når du går frå rommet. Du skal kanskje berre ein rask tur ut, men plutseleg har du gløymt heile lyset! Gå gjerne også ein runde før du legg deg for å sjekke at alt er blåst ut, seier Larsen.

Larsen anbefalar branntrygge, elektriske lys med batteri.

Sjekk julelysa!

Hentar du fram gamle julelys frå loftet må du sjekke at dei verkar som dei skal og at det ikkje er slitasje eller kutt i leidningane. Lys som skal brukast utandørs må vere spesielt eigna til dette, det same gjeld for skøyteleidningar. Ein skøyteleidning for innandørs bruk kan føre til strømgjennomgang, jordfeil og andre skadar om den blir brukt ute. Utandørs lys skal pluggast i stikkontaktar som er montert ute. Leidningar må ikkje klemmast i dør- eller vindaugskarmar, då kan kabelen ta skade.

-For å vere på den sikre sida er det lurt å slå av alt av julelys om natta og når du ikkje er heime, anbefalar Sommerlade.

Brannvesenets juletips:

  1. Sjekk røykvarslarane ein gong i månaden og kvar gong du kjem heim frå reise. Gjer det til ein vane å byte batteri 1. desember på Røykvarslardagen.
  2. Sjekk at sløkkjeutstyret fungerar og at du veit korleis du skal bruke det.
  3. Ha brannøving heime. Har du tenkt over situasjonen på førehand, er du betre førebudd om det begynner å brenne.
  4. Gå aldri frå komfyren når du lagar mat. Installer gjerne komfyrvakt.
  5. Gå aldri frå eit rom med levande lys.
  6. Set aldri eit tent lys nær gardiner eller brennbar julepynt, og unngå å bruke brennbare lysestakar.
  7. Sjekk at alle levande lys er sløkt før du legg deg eller går ut av huset.
  8. Slå alltid av adventsstakar, julestjerner og lyslenkjer om natta og når du ikkje er heime.
  9. Røyk aldri på senga eller i sofaen.
  10. Ikkje kast oske direkte i bosset.