I påska tenner vi gule stearinlys, griller pølser i solveggen og fyrer i peisen om kvelden. For å unngå brann kan det vere lurt å følgje brannvesenets påsketips.

Brannvesenets 5 påsketips

  • Sørg for at du har fungerande røykvarslar på hytta, i båten eller i campingvogna. Hugs å ta med nye røykvarslarbatteri eller skaff deg ein reiserøykvarslar.
  • Sjekk slangar og koplingar på propananlegget. Om natta kan du gjerne kople i frå slangen til gassbehaldaren.
  • Ikkje sett aska frå eldstaden rett utanfor hytte- eller husveggen. Kjøl ned aska i ei brannsikker bøtte med lokk og plasser i god avstand frå veggen.
  • Gå aldri frå eit rom med levande lys. Bruk ikkje-brennbare lysestakar og sett lysa i god avstand til brennbart materiale.
  • Skal du grille må du sørgje for god avstand til brennbart materiale. Hugs å slokke grillen heilt før du forlèt den.

Enten du befinn deg heime, på hytta, i båt, campingvogn eller andre stader – ha ei god og branntrygg påske!