Eldre menneske har større risiko for å omkome i brann. Ta den viktige kjøkkenpraten; ein prat om kva slags brannfeller som finnast i heimen, og kva ein bør gjere dersom uhellet er ute.

Personar over 70 år har fire til fem gongar høgare risiko for å omkome i brann enn resten av befolkninga. Samtidig vert det fleire eldre og dei bur heime lenger enn før. God brannberedskap reddar liv og det er ofte ikkje så mykje som skal til. Ein prat om brannfarar i heimen og enkle brannførebyggjande tiltak kan vere forskjellen på liv og død.

Under kjøkkenpraten bør ein snakke om:

  • matlaging og branntryggleik på kjøkkenet
  • trygg bruk av elektriske produkt
  • varsling og rømmingsvegar
  • korleis sløkkje brann
  • levande lys og røyking

Som pårørande kan du:

  • installere komfyrvakt
  • reingjere filteret i kjøkkenvifta over komfyren
  • passe på at gardiner, dukar, aviser og møblar er i god avstand frå panelomnar
  • sjekke at røykvarslaren verkar og kan høyrast overalt i bustaden
  • sørge for sløkkjeutstyr som bebuaren klarar å bruke
  • rydde unna lysmansjettar, brannfarlege lysdekorasjonar og ustødige lysestakar
  • leggje til rette for at røyking kan skje utan fare for brann

Les fleire tips om kjøkkenpraten på nettsida til sikkerhverdag.